Vedtekter

Foreningen

Vedtekter

Desse reglane ble vedteke på årsmøte den 16/2-1951.

Vedtekter

§1
Det er Evjen skulekrins, som den er no, som eig og vernar om Grendestugu. Huset kan ikkje gå over til annan eigar, privat eller institusjon.

§2
Grendestugu skal administrerast av eit styre 5 medlemmar, vald på årsmøte føre 15. februar kvart år.
Alle som har offentleg røysterett og bur innanfor Evjen skulekrins kan møte og har då røysterett på årsmøtet som, skal avholdes.

§3
Føremålet er at Grendestugu skal tena åndeleg, sosialt og kulturell vokster og utvikling i krinsen utan å tene einskilt religiøst eller politisk parti.
Men det skal være høve til romslig drøfting av livsviktige problemer som fyller menneskesinna og har slege rot i folkedjupet. Teater og film med anna er kulturfaktorar som må ha rom.

§4
Grendestugu skal ikkje brukast eller leigas bort til offentlege dansefestar. Alle tilstelningar skal væra strengt i samsvar med politivedtektene for Orkdal kommune.

§5
Evjen krins har plikt på seg til å halda Grendestugu og tomtearealet i vyrdeleg stand til kvar tid, og med styring og bruk av huset til kvar tid skapa ein høg standard, så alle som kjenner ansvar for utvikling av sundt liv i krinsen kan kjenne seg heim der.

§6
Til årsmøtet legg styret fram:
a)Skriftleg årsmelding
b)Reknskap
c)Budsjett for neste år

Årsmøte vel formann, 4 styremedlemmer og 2 revisorar.

Styret vel seg i millom varaformann, kasserar og skrivar.

Vala er for på 2 år. Etter 1 år blir 2 mann dregne ut av styret, sidan er 2 mann på val kvart år, formannen ikkje medrekna.

Årsmøtet skal kunngjerast minst 8 dagar i førevegen.

§7
Styret skal administrera Grendestugu i samsvar med reglane og moglege pålegg frå årsmøtet.

§8
Dersom styret finn det turvande, eller om minst 25 røysteføre innafor krinsen krev det væra omframt årsmøte. Berre det som er utlyst på saklista for slikt møte kan avgjerast med bindande merknad.

§9
Endringar eller utbygging av desse reglane kan avgjerast på vanleg årsmøte. Men dei reint prinsipielle grunnsetningane som er nemd i § 1, 2 og 3 kan ikkje endrast. Endringsfamlegg må koma skrifteleg åt styret føre nyår eller styret kan koma med slike framlegg og det må være på saklista for årsmøtet. Slike endringar er ikkje vedtekne utan 2/3 av møtande røysteføre røystar for det.

Er du medlem? Logg inn for å se oppslag om emnet, stille spørsmål til administratorene og lese resten av guiden.